Siste
Brede Hangeland om VM-fellesskapet, breddeidrett og superkraft.

Då fotball blei nasjonsbygging

Stadionparken: Brede Hangeland trivst med å ha Viking og stadion i nærmiljøet sitt på Hinna. Han tar gjerne ein kaffikopp med Hinnavis på Kanelsnurren.
Denne artikkelen er krysspublisert til bydelsaviser.no

Den nasjonale folkefesten rundt fotball-landslaget under VM i USA er over og har blitt til gode minne for fleire generasjonar nordmenn. Midt i koket rundt landslaget sto Brede Hangeland stødig ved Ståle Solbakken si side som assisterande landslagssjef. 

JAN OLE RØD
[email protected]

Frå hotellromma våre i USA var det fantastisk å følgja med på reportasjane etter kampane i norske media og sjå bilda av jublande folkemassar frå byar og tettstader i heile Norge, seier Hangeland. Me forsto fullt ut at me var med på noko stort, at fotballen skapte eit fellesskap på tvers av generasjonar, kjønn, geografiske og sosiale skillelinjer. Her var «alle» med i ei stor nasjonal feiring.
I boka di bruker du ordet nasjonsbygging om det som skjedde desse dagane. Er ikkje det eit for stort ord?
– Nei, eg meiner VM var med å sveise oss saman som folk, seier Hangeland og legg til:
– Eg trur dette var grunnen til at kongen var så rørt under landslaget sitt besøk på Slottet. Kong Harald sitt store prosjekt var jo nettopp å samla oss som folk. Alle nyttårstalane hans handla grunnleggjande sett om det. Den kloke kongen vår forstod at landslaget sitt USA-eventyr var eit viktig bidrag i hans prosjekt; å samla og byggja landet.

Prosjekt landslaget
Brede Hangeland har hatt landslaget som prosjekt store delar av livet sitt; som spelar og trenar. Berre 21 år gammal fekk han landslagsdebuten sin i kampen mot Østerrike i november 2002. Han blei kaptein under landslagssjef Åge Hareide i 2008, og fekk i alt 91 kampar med flagget på brystet, 48 av dei som kaptein.
Som landslagsspelar var den store draumen å få delta i eit internasjonalt mesterskap, men i Brede Hangeland sine 12 år på landslaget klarte Norge aldri å kvalifisera seg til eit sluttspel.
– For meg har det etter karriereslutt vore ei sorg og eit sakn at eg aldri fekk spela i VM- eller EM-sluttspel, seier Brede Hangeland. Han legg raskt til at dette er til å leva med, og at han er takknemleg for alt han opplevde med landslaget.

I 2026 fekk Brede Hangeland endeleg delta i fotball-VM som assistent og høgre hand for Ståle Solbakken. Den tidlegare landslagsstopparen fekk bruk for heile registeret av fotballfagleg erfaring og kompetanse.
– Lang erfaring frå Premier League og landslaget kom godt med då det kokte som verst i USA. Støtteapparatet sin jobb var å leggja best mogleg til rette for spelarane, og eg hadde spesielt fokus på å avlasta Ståle (Solbakken) slik at han kunne konsentrera seg fullt og heilt om det viktigaste, seier Hangeland.

I dagboka «Feltnotater fra Fotball-VM» som kom ut i oktober, fortel Hangeland om kampane, førebuingane, støtteapparatet sine oppgåver og det kolossale presset.
– Sjølv om eg helst ville ha spelt midtstoppar, var det fantastisk å vera ein del av teamet rundt landslaget, seier han.
Breddeidretten som fellesskapsarena
Brede Hangeland har lenge vore opptatt av forholdet mellom topp- og breddeidrett

– Idretten er vår viktigaste felles­skapsarena nest etter fellesskolen. Her møtes barn og unge frå alle samfunnslag. Dei opplever mestring og idrettsglede, lærer å samhandla og samarbeida med andre, meiner landslagstrenaren.
Alt i 2014 skreiv han ein kronikk saman med Marit Bjørgen om dette. Her understrekar dei to at breddeidrett ikkje berre er ein føresetnad for toppidrett, men har stor verdi i seg sjølv.
– Me var begge aktive den gongen og meinte det var viktig å få ut budskapet om at alle toppidrettsutøvarar står på skuldrene til breddeidretten. Eg står for synspunkta i kronikken den dag i dag. I idretten er det ei suksessoppskrift å vera langsam og ha med seg eit verdigrunnlag. Dette er eit stort konkurransefortrinn for norske toppidrettsutøvarar. Dei gode verdiane dei har med seg frå oppveksten i det lokale idrettslaget hjelper dei å takla press og utfordringar. Derfor er ikkje det viktigaste å skapa eit godt landslag, men å skapa gode, inkluderande miljø for tusenvis av barn og unge i Hinna Fotball og alle andre lokale klubbar.

Brede Hangeland snakkar verkeleg om noko han brenn for når breddeidrett er tema.
Er det derfor du kombinerer jobben som trenar på landslagsnivå med arbeidet som trenar for Hinna J15 i den lokale fotballklubben?
– Eg stiller opp for Hinna Fotball fordi eg gjerne vil gi desse jentene den gåva eg sjølv fekk i min oppvekst. Det handlar om foreldre og andre vaksne som stiller opp for å byggja inkluderande fellesskap og gode prestasjonar. Det er ingen motsetning i dette. Å stilla tydelege krav og visa respekt byggjer både fellesskap og prestasjonskultur, understrekar han.

Hinna stadion: Landslagstrenaren og klubbtrenaren saman med det viktigaste laget sitt:  Hinna J15 .

Min metode
Brede Hangeland har inga tru på snarvegar eller skippertak til suksess i verken sport, utdanning eller arbeidsliv. Han er systematikaren som gjennomfører trening og arbeidsoppgåver samvitsfullt og skikkeleg dag etter dag.
– Dette har fungert for meg gjennom alle år til nå, og har også god støtte i forsking, slår Hangeland fast.
Samtidig med streng individuell disiplin er han opptatt av å byggja fellesskapet, laget. Han ser med gru tilbake på koronatida då me var isolerte.
– Me treng kvarandre, slår han fast.
– Samtidig har me behov for å lada batteria for å kunne yta vårt beste til fellesskapet. Eg treng mykje aleinetid; til lesing, jogging og annan trening.
Under VM i USA var dette viktig ikkje berre for assistent-trenaren. I boka si fortel Hangeland at han morgonen etter sigeren over Elfenbenskysten tok med seg ei god bok for å vera aleine på takterrassen på hotellet i Dallas. Då kom ein ung mann gåande med ei bok under armen, helste så vidt, sette seg i ein krok for seg sjølv og forsvann inn i boka si. Målscorar i kampen mot Elfenbenskysten, Antonio Nusa, trengte også aleinetid. Det var viktigare enn å analysera kampen

Ei superkraft
Saman med Ståle Solbakken er Brede Hangeland sin jobb mellom anna å byggja relasjonar.
– Eg er opptatt av at folk skal finna saman, sjå kvarandre, villa kvarandre vel og tenkja på korleis ein kan gjera dei andre gode. Når dette lykkast, blir det ei superkraft, understrekar Brede Hangeland.
– Alle på laget må ta ansvar for at andre har det bra. Ekstra viktig er det at sjefen ser den som ikkje er så synleg. Det grunnleggjande her er dette: me bryr oss!
Eg trur dette er grunnen til at det blei mykje grining i VM. Me brydde oss, og gret mest i glede, men også fordi me var pressa og fortvilte.
Nær graset
Brede Hangeland er ikkje så redd for å visa følelsar. Han er stolt over å ha vore med på å skapa dei mange sterke opplevingane landslaget skapte i USA sommaren 2026.
Ti år etter at han la opp som fotballspelar er Brede Hangeland fortsatt på jobb for fotballen.
– Eg trur det blir fotball også i åra framover. Det kjekkaste er å vera nær graset, seier Hangeland som ikkje ser seg sjølv i administrative jobbar dei næraste åra.
Uansett kva jobb han vil ha framover, understrekar Brede Hangeland at han alltid vil kjempa for ideane i kronikken han skreiv saman med Marit Bjørgen for 12 år sidan. Han vil driva vaksenopplæring om breddeidretten og fellesskapet, og kjempa mot egoisme og privatisering i idretten.

Hva tenker du
Les også