Kvaliteten på eit samfunn

Del på Facebook
Leserinnlegg

«Kvaliteten på eit samfunn handlar om  korleis dei mest utsette blir behandla»

Jens Bjørneboe sa ein gong at dersom du vil vita noko om kvaliteten på eit samfunn skal du studera korleis samfunnet behandlar dei svakaste. Bjørneboe var særleg opptatt av utsette grupper som kriminelle og utviklingshemma.

Jan Ole Rød
Medlem KDU (AP)

Bjørneboe hadde nok blitt både stolt og glad dersom han hadde vore til stades i Hinna kommunedelsutval tysdag 24. januar. I dette møtet slutta kommunedelsutvalet seg til at den beste, mest solrike strandtomta i Jåttåvågen skal disponerast til eit nytt bufellesskap for funksjonshemma. Me snakkar om arealet på 2,6 daa like ved Jåttåvågen småbåthavn. Både planarbeid og detaljregulering må gjerast før byggearbeidet kan starta, men forhåpentlegvis vil det nye bufellesskapet stå ferdig om ganske få år.

Frå dei nye bustadene vil dei som flyttar inn, kunne nyta utsikten over Gandsfjorden og livet i småbåthavna  i aust. Dei vil ha kort veg til aktivitetspark, handlesenter, buss og tog. På denne tomta ligg alt til rette for å etablera eit bufellesskap som gir bebuarane stor individuell fridom og livskvalitet.

Det fortel noko om kommunen vår at det på denne unike tomta blir reist bustader for funksjonshemma. Området bli ikkje lagt ut til luksusbustader for dei som kan betala mest eller til private næringsformål. 2,6 daa strandtomt går til ei gruppe menneske som ofte har måtta ta til takke med minst.

Heia, «kommunen og di» og «gralla» Hinna!