Kommunedelspolitikar: Anne Kristin Bruns

Anne Kristin Bruns, KrF er opptatt av at det skal vere godt for familiar å bu i Hinna kommunedel.
Del på Facebook
Anne Kristin Bruns (58) vil at Hinna kommunedel skal vere ein god plass å bu for familiar. Ho vil at innbyggjarane skal ha gode kvardagsliv. I dette ligg det gode kollektivtilbod, gode møteplassar og eit godt fritidstilbod.

//Tekst og foto: Jorunn B. Eia

Vi møter Anne Kristin Bruns på Ostehuset i Hinna Park. Aller nærast peisen. Tida går fort og vi pratar oss bort mange gonger. Ho er ein interessert og nær person å snakke med.

Anne Kristin Bruns er utdanna barnevernspedagog og har ein mastergrad i sosialt arbeid. Ho har vore med i lokalpolitikken sidan 2011. Ho har vore rådgivar for Bjørg Tysdal Moe i KrF og vart vara til kommunestyret det året. Nå sit ho i kommunedelsutvalet i Hinna, kommunestyret og i to andre hovudutval. I kommunedelsutvalet har ho vore i 10år.

-Eigentleg hadde eg ikkje store ambisjonar om å bli politikar. Eg måtte tenke meg veldig nøye om. Det kan vere vanskeleg å meine noko i all offentlegheit, sjølv om eg ikkje er redd for merksemd, seier Bruns, som har vakse opp i ein politikarfamilie, med farfar, far og mor som aktive politikarar i bygde-Noreg, nærare bestemt i Vanylven kommune på søre Sunnmøre. -Eg husker at eg som lita jente følgde nøye med på den store EF-avstemminga i 1972 (EU). Det var utruleg spanande. Å vere politikar på ein liten stad, betydde gjerne store konfliktar og mykje merksemd i forhold til nedlegging av bussruter, skular og så vidare. Eg måtte spørje meg sjølve: Var dette noko eg hadde lyst til å engasjere meg i?

-Eg føler at eg har vakse meg inn i det over tid. Bjørg Tysdal Moe har vore ein viktig mentor, og vi har framleis god kontakt, sjølv om ho no er ute av kommunepolitikken, seier Bruns og legger til at det å ha ein mentor, ein veileder, som ein kan drøfte saker med, er veldig viktig.

Det blei naturleg for henne å engasjere seg innan helse og velferd, oppvekst og utdanning. -Eg har også engasjert meg i kultur, idrett og samfunnsdialog både for heile kommuna, men også særleg i Hinna kommunedel. Eg har eit spesielt hjerte for Hinna. Å sitje i eit kommunedelsutval betyr at ein kan få gjort litt. Eg er stolt av at vi har fått i stand av samarbeid med næringslivet i Hinna og med kommunen. Erfaringa er at dersom kommunen engasjerer seg, kommer næringslivet lettare på banen, meiner Bruns.

-Me har arrangert  Barnas dag, julegrantenning og julefilm på storskjerm med bålpanner og underhaldning på den opne plassen i Hinna Park. Jula 2021 møtte omlag 1.500 personar opp, Jåtten skulekorps spela og Hinna-speiderane hadde ansvar for bålpannene. Alt dette er gratis for innbyggjarane i Hinna kommunedel, fortel Bruns. Ho meiner at det å skape møteplassar  for menneske er viktig, i tillegg til å stimulere til nabofellesskap og få folk til å ta initiativ på tvers av generasjoner, noko som igjen skapar venskap og nærleik. Ho har ei særleg oppfordring til alle om å ta initiativ overfor naboar og venner no når samfunnet opnar meir og meir opp og invitere til fellesskap og lage møteplassar. -Vi må ta tilbake den sosiale arenaen på mange måtar, og alle treng fellesskap, meinar ho.

-Eg skulle ynskje at folk var flinkare til å ta kontakt med oss politikarar om det er noko de lure på eller vil drøfte. Vi er dykkar ombodsmenn, og den rolla tek eg på alvor.

Vi hadde eit folkemøte før pandemien der mange deltok. Etter dette møtet vart det sett i gang både bygging av gapahuk i Jåttåvågen, vi har hatt utekino og meir aktivitet. Dette var nokon av dei ideane som kom opp på folkemøtet, fortel ho og understreker igjen at det er viktig å få til noko saman. -Vi har så mykje frivilligheit i bydelen; frivillig arbeid, idrett, korps, speidar og menigheitsarbeid, og vi har gode skular. Hinna er ein utruleg flott kommunedel, og ikkje minst med alle dei flotte turområda vi har her, seier Bruns og legg til at også ho er oppteken av at Hinna må få ein symjehall.

-Som KrF’er er eg opptatt av familien og at det skal være godt for foreldre og barn å bu i Hinna kommunedel. Kvardagen er travel og skal gå opp, med arbeid, barnehage, skule og fritidsaktivitetar. Difor må både kollektivtilbodet og fritidstilbodet være godt. Vi må legge til rette for gode kvardagsliv også på tvers av generasjonar, seier Bruns. Noko ho er sæleg stolt over er at ho i samarbeid med frivilligsentralen på Hinna i 2016 starta opp Lyttevenn ved Jåtten skule og etter kvart også på Godeset skule. Då møter pensjonistar opp på skulane og høyre born  2-3-klasse lese høgt. Nye spennande venskap blir skapt på tvers av generasjonar. Det er godt for alle.

Anne Kristin Bruns er gift og har fire born som no er flytta ut. På fritida likar ho best å gå tur/jogge, gå på konsert/arrangement og vere saman med folk. Elles er ho aktiv i IMI-kyrkja.